A  A  A  

furene_nyare_logo.jpg

Kontakt: Furene AS
post@furene.no +47 70 07 48 50

Jobbklubb- Nye kurs startar i september

Kurset går over tre veker og kan takast i i perioda 04.09.17 - 15.12.17 (Volda) og 18.09.17- 15.12.17 (Ulsteinvik)

Kurset passar for:

Dei over 19 år, står utan arbeid og er arbeidssøkjande. Dei som ynskjer å få kunnskap om jobbsøkingsmetodikk, motivasjon, og forståing av eigen situasjon

Kurset gir deg:

Grunnleggande kunnskap om jobbsøkjarprosessen. Du lærer ein systematisk tilnærmingsmåte til det å søkje arbeid. Auka bevisstheit og kunnskap i forhold til til kva som er viktig i arbeidssøkjarprosessen.                                                     Du får anledning til å kvalitetssikre CV, søknader, samt lære om rekrutteringsprosessen.

Gjennomføring og varigheit:                                                                                                                                           Kurset går over 3 veker for kvar deltakar. Måndag- fredag kl 09.00 - 15.00

Undervisning:

Kurset er ein kombinasjon av teori og praksis. Det vert også lagt opp til mykje eigenaktivitet.

Praksis:

Praksis vil fortrinnsvis skje ved at ein arbeider med det ein lærer gjennom kurset, og brukar dette igjen for å forbetre sine eigne søknader og CV, samt drive aktiv jobbsøking. Ein får også moglegheit til å øve på intervjusituasjonar.

flyer_jobbklubb_haust_2017.pdf

Eldor Skeide tilsett som Administrerande direktør

eldor.jpg
Nyhende

Eldor Skeide tek over stillinga som administrerande direktør etter Hege Karete Hamre. Eldor har i fleire år vore leiar for prosjekt og utvikling, samt ein del av den sentrale leiargruppa i Furene

Ei tilsettingsnemnd oppnemnd av styret har dei siste månadane arbeidd tett saman med rekrutteringsbyrået Mercuri Urval for å finne rett kandidat til leiarjobben i Furene.

Før Eldor kom til Furene i 2010, hadde han 25 år bak seg som dagleg leiar og administrerande direktør i organisasjonar og selskap på Sunnmøre; Hødd, Sunnmørshallen, Convex, Bohus Møre og Westing

"Vi opplevde stor interesse for stillinga og er trygg på at vi har fått ein dyktig toppleiar på plass for å møte dei spanande utfordringane selskapet står ovanfor"  seier styreleiar Inge- Johnny Hide. 

"Eg ser fam til å vere ein tydeleg ambassadør for Furene sitt samfunnsoppdrag, og saman med dyktige medarbeidarar, vidareutvikle Furene som ein profesjonell aktør i levering av tenester og produkt til kundar og lokalbefolkninga på Søre Sunnmøre" seier Eldor Skeide 

Skeide tiltrer i stillinga 01.08.17

Jobbklubb- nytt amo kurs startar i forsnavåg 18.04.17

Kurset går over fire veker og kan takast i perioda 18.04.17- 07.07.17. Vi held til i STQ sine lokale i Nørvågen 15 i Fosnavåg

Kurset passar for:

Dei over 19 år, står utan arbeid og er arbeidssøkjande. Dei som ynskjer å få kunnskap om jobbsøkingsmetodikk, motivasjon, og forståing av eigen situasjon

Kurset gir deg:

Grunnleggande kunnskap om jobbsøkjarprosessen. Du lærer ein systematisk tilnærmingsmåte til det å søkje arbeid. Auka bevisstheit og kunnskap i forhold til til kva som er viktig i arbeidssøkjarprosessen.                                                     Du får anledning til å kvalitetssikre CV, søknader, samt lære om rekrutteringsprosessen.

Gjennomføring og varigheit:

Kurset kan takast i Fosnavåg i perioda 18.04.17 til 07.07.17.                                                                                                       Det er kontinuerleg opptak i denne perioda.                                                                                                                               Kurset går over 4 veker for kvar deltakar. Måndag- fredag kl 09.00 - 15.00

Undervisning:

Kurset er ein kombinasjon av teori og praksis. Det vert også lagt opp til mykje eigenaktivitet.

Praksis:

Praksis vil fortrinnsvis skje ved at ein arbeider med det ein lærer gjennom kurset, og brukar dette igjen for å forbetre sine eigne søknader og CV, samt drive aktiv jobbsøking. Ein får også moglegheit til å øve på intervjusituasjonar.

Nye ringer i vannet avtaler

Vi er glade over å få nye samarbeidspartar med på laget. I dag har Hotell Ivar Aasen signert Ringer i vannet avtalen.

Vi jobbar stadig med å skaffe nye samarbeidspartar gjennom Ringer i vannet. Dette er ein intensjonsavtale om å rekruttere mennesker utanfor det ordinære arbeidslivet. Vi er Glade for å få Hotell Ivar Aasen med på lget, og gleder oss til eit godt samarbeid.

Vi erfarer at Ringe i vannet gjev resultat, og er glade for å kunne overrekke Ørsta bil og Westre bakeri diplom som eit synleg bevis på at dei har har tilsett folk gjennom denne avtalen.

1920x1080/riv11.jpg

Vegen vidare - Nytt amo kurs

vegen_vidare.png

AMO kurset Vegen Vidare statrar i Furene 27.februar

Målgruppe
Dette er eit tiltak for deg som er over 19 år, er arbeidssøkjar og har redusert arbeidsevne på grunn av psykisk helse, og/eller treng utvida bistand for å kome deg ut i arbeid. Det skal ligge føre ei arbeidsevnevurdering og ei oppdatert behovsvurdering.

Gjennomføring og varigheit
Kurset er samla på 18 veker, består av ein 9 veker teoridel og 9 veker praksis kombinert med 1 samlingsdag pr. veke med ulike tema og aktivitetar. Kurset startar den 10. november og varer fram til 27. mars.

Undervisning:
Tema i teoridelen er retta inn mot aktivitetsplan og konkretisering av individuelle yrkesmål. Du vil i tillegg få kunnskap om arbeidslivet/- og marknaden, og om jobbsøking.
Kurset vil innehalde ulike temadagar for å sikre motivasjon og bygge sjølvtillit.
Det vil også verte arrangert ulike bedriftsbesøk i regionen.

Arbeidspraksis:
Etter teoridelen kan du få tilbod om 9 vekers arbeidsutprøving på ein hensiktsmessig praksisplass retta mot dine føresetnadar og målsettingar.

Jobbklubb - nytt AMO kurs starta 23. januar i Ulsteinvik

Kurset kan takast i perioden  23.01. til 19.05.2017 i Ulsteinvik
Grunnleggande kunnskap om jobbsøkjar prosessen. Du lærer ein systematisk tilnærmingsmåte til det å søkje arbeid.

Kurset passar for:

Dei som er over 19 år, står utan arbeid og er arbeidssøkjande. Dei som ønskjer å få kunnskap om jobbsøkingsmetodikk, motivasjon, og forståing av eigen situasjon.

Kurset gir deg:

Grunnleggande kunnskap om jobbsøkjar prosessen. Du lærer ein systematisk tilnærmingsmåte til det å søkje arbeid.
Auka bevisstheit og kunnskap i forhold til kva som er viktig i arbeidssøkjarmarknaden.
Du får anledning til å kvalitetssikre CV, søknadar samt lære om rekrutteringsprosessen.

Gjennomføring og varigheit

Kurset kan takast i perioden  23.01. til 19.05.2017 (Ulsteinvik)
Det er kontinuerlig inntak i perioden.
Kurset går over 4 veker for kvar deltakar. Måndag– fredag frå kl. 09.00—15.00.

Undervisning

Kurset er ein kombinasjon av teori og praksis. Det vil også bli lagt opp til mykje arbeid på eigenhand.

 Praksis:

Praksis vil fortrinnsvis skje ved at ein arbeider med det ein lærer gjennom kurset, og brukar dette igjen for lage og forbetre sine eigne CV og søknadar samt drive aktiv jobbsøking. Ein får også moglegheit til å øve på intervjusituasjonar.

Ein får også anledning til å jobbe med intervjusituasjonar.

Vaktmestertenester

Furene tilbyr no utvida vaktmestertenester som hagearbeid og stell av graver. 

vaktemeisterteneste.jpg

Samarbeid Furene AS og Volda kommune

I dag gjekk startskuddet for eit spanande samarbeid mellom Furene AS og Volda kommune.

kantine_volda_kommune.jpg
Historisk store kontraktar

Furene har i dag signert historisk store kontraktar med Nav.

 Kontraktane har ei varigheit på 4 år og ei rame på omlag 50 millionar kroner.

Tenestene til NAV skal leverast i alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Furene har vore leverandør av liknande tenester i mange år, men ikkje i så stort omfang som no.

Vi er ei av svært få attføringsbedrifter i landet som har vunne desse anboda. Dette er ei stor tillitserklæring til våre dyktige tilsette, og syner at ei middels stor bedrift ute i distriktet kan vinne fram i konkurranse med store nasjonale aktørar. Kontraktane gir oss mulegheiter til å vekse og utvikle bedrifta vidare ut i frå det gode fundamentet vi allereie har. Vi ser fram til eit godt samarbeid med lokale Nav kontor og alle dei som får nytte tenestene.

Furene skal levere arbeidsretta avklaring, rehabilitering og oppfølging til personar som har behov for bistand til å få eller behalde arbeid. Tenestene er eit tilbod til personar som har behov for meir bistand til å behalde eller kome inn i arbeidsmarknaden.

I UNG – tilbod om alternativt opplæringsløp i Møre og RomsdaL

Ungdommar i alternative opplæringsløp er like forskjellig som ungdommar i den ordinære opplæringa vår. Det krev ei tilrettelegging på lik linje med det ordinære utdanningssystemet vårt, seier Berit Brudeseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Frå hausten 2014 vart det etablert ein I UNG base i kvar region: Furene AS på Søre Sunnmøre, Broen på Nordre Sunnmøre, Astero AS i Romsdal og Levende Vågen på Nordmøre. Til saman er det er rom for å gje tilbod til minst 60 ungdommar kvart skuleår, 15 i kvar region. - Hovudmålet for tiltaket er at ungdom i målgruppa fullfører vidaregåande opplæring, gjennomfører anna alternativt opplæringsløp eller får seg lønna arbeid etter å ha delteke i tilbodet, seier Brudeseth

Fokus på fråfall
Dei seinare åra har det vore fokusert mykje på fråfall i vidaregåande opplæring, med mellom anna tung satsing på Ny GIV – overgangsprosjekt og oppfølgingsprosjekt. I tillegg er det ei elevgruppe som skolen ikkje treff verken med ordinær skolekvardag eller nasjonale gjennomføringssatsingar. Det er ungdom mellom 15 – 21 år som har slutta eller ikkje starta på skole og er i Oppfølgingstenesta (OT ) si portefølje. – Dette er ei utfordring som vi må finne ei god og haldbar løysing for. I motsett fall står ei elevgruppe i stor fare for å falle heilt ut av skolen, med dei negative konsekvensane dette kan få for dei sjølve, både sosialt og økonomisk, fortel Brudeseth.

Berekraftig alternativt opplæringsløp
- I Møre og Romsdal har det dei siste åra vore gjennomført forsøk med alternative opplæringsløp. Prosjekta har vore sårt tiltrengt og nødvendige for den aktuelle målgruppa. Ikkje alle kommunane har vore med i prosjekta, noko som har vore uheldig for dei som har stått utanfor, fortsett Berit Brudeseth. -I UNG og Broen, saman andre tiltak, har gitt oss eit godt grunnlag til å etablere eit bærekraftig alternativt opplæringsløp for målgruppa i heile fylkeskommunen, seier Brudeseth.

Brudeseth fortel at det er viktig med eit breitt samarbeid mellom arbeidsmarknadsbedriftene,  kommunane/det kommunale tiltaket og NAV i fylket, for å sikre den breie og gode kompetansen som trengs for målgruppa. Samtidig er det krav om lokalt samarbeid rundt den enkelte ungdommen frå NAV lokalt, OT region og kommunen/det kommunale tiltaket. -I tillegg må andre samarbeidspartar inviterast inn etter behov hos den enkelte ungdommen, avsluttar ho.

JOBBKLUBB - NYTT AMO KURS STARTAR 31. AUGUST

Dei som er over 19 år, står utan arbeid og er arbeidssøkjande. Dei som ønskjer å få kunnskap om jobbsøkingsmetodikk, motivasjon, og forståing av eigen situasjon.

Kurset passar for:

Dei som er over 19 år, står utan arbeid og er arbeidssøkjande. Dei som ønskjer å få kunnskap om jobbsøkingsmetodikk, motivasjon, og forståing av eigen situasjon.

Kurset gir deg:

Grunnleggande kunnskap om jobbsøkjar prosessen. Du lærer ein systematisk tilnærmingsmåte til det å søkje arbeid.
Auka bevisstheit og kunnskap i forhold til kva som er viktig i arbeidssøkjarmarknaden.
Du får anledning til å kvalitetssikre CV, søknadar samt lære om rekrutteringsprosessen.

Gjennomføring og Varigheit

Kurset kan takast i perioden 31.8. til 18.11.2015.
Det er kontinuerlig inntak i perioden.
Kurset går over 4 veker for kvar deltakar. Måndag– fredag frå kl. 09.00—15.00.

UNDERVISNING:

Kurset er ein kombinasjon av teori og praksis. Det vil også bli lagt opp til mykje arbeid på eigenhand.

 PRAKSIS:

Praksis vil fortrinnsvis skje ved at ein arbeider med det ein lærer gjennom kurset, og brukar dette igjen for lage og forbetre sine eigne CV og søknadar samt drive aktiv jobbsøking. Ein får også moglegheit til å øve på intervjusituasjonar.

Ein får også anledning til å jobbe med intervjusituasjonar.

 

 

KARRIERE MØRE OG ROMSDAL

Vi er i gong. Furene er stolt samarbeidspart på Søre Sunnmøre.

Lurer du på vegen vidare kan du lese meir om tenesta her eller sende ein e-post til karriere@mrfylke.no

Artikkel i avisa Møre 10/1/2015 finn du her

Klipp frå pressemelding november 2014:
- Vi vil gi gratis veiledning til voksne som har fullført grunnskole og videregående og som dermed ikke har lovfestet rett på slik rådgivning, forteller Rose Mari Skarset som er rådgiver ved utdanningsavdelinga til Møre og Romsdal fylkeskommune til Romsdals Budstikke.

 12 veiledere
Rådgivingstilbudet bygges opp av fylkeskommunene i partnerskap med Nav. Selve rådgivningstjenesten kjøpes fra attføringsbedrifter i fylket. Til sammen skal 12 veiledere med base i Surnadal, Kristiansund, Molde, Rauma, Ålesund og Volda tilby veiledning. Skarset forteller at det var et viktig poeng å gi et desentralisert tilbud.
- Vi ønsker at alle innbyggerne skal få et likeverdig tilbud som de ikke må reise for langt for å bruke, sier hun. De som ønsker veiledning må ta kontakt med «Karriere Møre og Romsdal» via e-post.
- Da blir de kontaktet av en veileder. Veilederen vil stille en del spørsmål. Formålet er at begge parter forbereder seg til møtet slik at det blir mest mulig målrettet, sier Skarset.

 Relasjon og kompetanse
Daglig leder Per Olav Myrstad ved Astero, tror det er flere grunner til at attføringsbedrifter er valgt til å levere tjenesten.
– Jeg tror hovedgrunnen er kompetanse – med ca 30 sertifiserte veiledere på feltet, og vi har et godt faglig rykte og relasjon til systemet. Samtidig så har vi en struktur som gjør at vi sammen med de andre attføringsbedriftene fasilitere en utrulling i hele Møre og Romsdal. Det er ikke mange i Norge som har et slikt nettverk som attføringsbedriftene – sammen med dokumentert erfaring og kompetanse, sier Myrstad.

 Sårbart næringsliv
Bakgrunnen for tilbudet er at Utdanningsdirektoratet ønsker at alle fylker skal tilby karriereveiledning til voksne.
- Det spennende med Møre og Romsdal er at vi har et arbeidsmarked som skriker etter fagfolk og lav arbeidsledighet blant ungdom. Samtidig er næringslivet vårt sårbart for konjunkturer blant annet i maritim sektor slik at vi fort kan få større arbeidsledighet i framtida, sier Skarset.  Flest kvinner. Erfaringer fra andre fylker viser at to tredeler av brukerne er kvinner og at 44 prosent er under 30 år. 18 prosent er minoritetsspråklige.
- Undersøkelsene som er gjort viser at de fleste ønsker veiledning på hvilke jobb- og utdanningsmuligheter som finnes i regionen. En del ønsker også hjelp til å kartlegge den kompetansen de har, forteller Skarset.

Artikkel henta frå www.attføringsbedriftene.no

 

 

VEGEN VIDARE - NYE AMO KURS STARTAR 10. NOVEMBER
bilde_vegen_vidare.jpg

AMO kurset Vegen vidare startar opp i Furene og Ulsteinvik måndag 10. november.

Målgruppe
Dette er eit tiltak for deg som er over 19 år, er arbeidssøkjar og har redusert arbeidsevne på grunn av psykisk helse, og/eller treng utvida bistand for å kome deg ut i arbeid. Det skal ligge føre ei arbeidsevnevurdering og ei oppdatert behovsvurdering.

Gjennomføring og varigheit
Kurset er samla på 18 veker, består av ein 9 veker teoridel og 9 veker praksis kombinert med 1 samlingsdag pr. veke med ulike tema og aktivitetar. Kurset startar den 10. november og varer fram til 27. mars.

Undervisning:
Tema i teoridelen er retta inn mot aktivitetsplan og konkretisering av individuelle yrkesmål. Du vil i tillegg få kunnskap om arbeidslivet/- og marknaden, og om jobbsøking.
Kurset vil innehalde ulike temadagar for å sikre motivasjon og bygge sjølvtillit.
Det vil også verte arrangert ulike bedriftsbesøk i regionen.

Arbeidspraksis:
Etter teoridelen kan du få tilbod om 9 vekers arbeidsutprøving på ein hensiktsmessig praksisplass retta mot dine føresetnadar og målsettingar.

 

I UNG - Nytt ungdomsprosjekt
heading_infoark_samlebilde.jpg

Alternativ opplæring for ungdom i videregåande skulealder i Møre og Romsdal. Ei samarbeidsprosjekt mellom utdanningsavdelinga, Nav, skulane og Furene, for ungdomar frå Søre Sunnmøre.

 

Hovudmålsetjing:          —             
At ungdomane fullfører vidaregåande opplæring, anna opplæringsløp eller får seg  løna arbeid.

Delmål:    
Skape meistring, motivasjon og glede gjennom undervisning.   Bidra til modning og allmenndanning.  Skape tru på eiga evne og til å nå framtidige mål.

—Aktivitet:
I tida på Furene vert det arbeidstrening, oppfølging og aktivitet fire dagar i veka.
Den femte dagen er sett av til eigenaktivitet/andre gjeremål. Aktiviteten fylgjer skuleruta.
I praksisperiodene vil ungdomane fylgje praksisbedrifta si arbeidstid.

—Målgruppe:
—Ungdom mellom 15 og 21 år som har slutta eller ikkje starta på skulen og er OT sitt ansvar.

Tal på deltakarar:—
—Det er lagt opp til tre inntak med 5 elevar i kvart;
15 september, 15. oktober, 15. november.
Etter nyttår blir det kontinuerlig inntak ved ledig plass. —

Innsøking:
Interne møter med aktuelle ungdomar på kvar skule.
OT – rådgjevaren og OT-Nav kontaktane vurderer om I UNG kan vere rett tiltak.
— Når I UNG er vurdert som rette tiltak, kallar OT rådgjevaren inn Furene og ungdomen til «inntaksmøte», med synfaring og orientering på Furene.

Kva kan vi tilby:
- Tett oppfølging og hjelp til å finne sin eigen veg vidare.
- Karriere rettleiing.
- Kunnskap om arbeidslivets krav og bedriftsbesøk.
- Lære å skrive søknad og trene på jobb intervju.
- Jobbsmak for å få prøvd ut alternative jobbar/oppgåver.
- Intern praksis på Furene.
- Hjelp til å finne praksisplass eller løna arbeid i ordinære bedrifter.
- Utandørs aktivitetar i gruppe

 For meir informasjon:   

Børge Sætre, Prosjektleiar I UNG tlf. 907 25 842 borge@furene.no
Eldor Skeide, Avd. leiar tlf. 970 45 600 eldor@furene.no
Furene AS, 6105 Volda tlf. 70 07 48 50 post@furene.no

 

 

 

"Ringer i vannet"
photo.jpeg

Ulstein Group og Kleven signerer "Ringer i vannet" - rekrutteringsavtale med Furene. "Ringer i Vannet" er en rekrutteringsstrategi i regi av NHO. Målet er å få personer, som av ulike årsaker har falt utenfor arbeidslivet, inn i ordinære jobber.

Bedriftene får en trygg rekruttering av kompetent arbeidskraft. Gjennom kartlegging utført av attføringsbedriften vil NHOs medlemmer få nye arbeidstagere som er egnet for nettopp deres virksomhet. Profesjonell utvelgelse og prekvalifisering av kandidater, samt god oppfølging underveis, vil gi raskere produktivitet.

Mandag 24. mars signerer Kleven og Ulstein Group rekrutteringsavtale i prosjektet Ringer i vannet med attføringsbedriften Furene AS. Dette er de to første rekrutteringsavtalene på Søre Sunnmøre.

Signeringa blei gjennomført hos Ulstein Group 24.3.14 kl 0900.

Les meir på nettsidene til NHO.

NYTT AMO-KURS INNAN HOTELL- OG RESTAURANTFAG

Bilde til pressemelding.jpg

NAV Møre og Romsdal starta i førre veke eit nytt AMO-kurs på Søre Sunnmøre i samarbeid med Furene AS. Kurset er retta mot behovet bransjen har for rekruttering, og skal gi deltakarane kompetanse til arbeid innafor mange av regionen sine spanande hotell- og serveringsstadar.

Det var mange motiverte og lærevillige søkjarar. Tolv deltakarar fekk til slutt plass på kurset.

 Nav og Furene AS har òg tidlegare samarbeidd om tilsvarande praktiske kurs. Etter ei anbodskonkurranse vart Furene AS vald som tiltaksarrangør også denne gongen.

Kurset er ein kombinasjon av teori og praksis. Med seg på laget for den praktiske gjennomføringa av kurset, har Furene AS fått med seg Quality Hotel Ulstein. Ein spenstig samarbeidspartnar som allereie andre kursdag oppmoda deltakarane til praktisk arbeid i hotellet sin restaurant, der dei fekk lære kunsten å dekke bord med alt som høyrer med av førearbeid og planlegging.

Nokre av kursdeltakarane har òg «hoppa rett i det» og allereie prøvd seg på helgearbeid ved hotellet.

I kurset inngår det òg besøk og omvisingar på ulike bedrifter innan bransjen, og dei ivrige deltakarane har allereie besøkt fleire av Sunnmøre sine hotell og serveringsstadar.

Kurset strekkjer seg over fjorten veker. Deltakarane skal etter kvart ut i praksis i ei relevant bedrift.

ARBEID

ARBEIDSØKJAR

ARBEIDSGJEVAR

HR

KURS

TEAMBUILDING

MINDFULNESS

MOTIVASJON

PROFILERING

SKILT

TEKSTILTRYKK

DEKOR

PRODUKT

SERVICE

INDUSTRI

MEKANISK

OM OSS

KONTAKT

VISJON OG VERDIAR

KLAGE

 

FURENE AS

6105 VOLDA

post@furene.no 

+47 70 07 48 50