A  A  A  

furene_nyare_logo.jpg

KONTAKT: Inger Lise Molnes
inger.lise.molnes@furene.no
+ 47 957 48 533

ta gjerne kontakt

_j9l2697.jpg

Du kan gjerne ringe, be om eit møte, eller be om ei omvising for å få meir informasjon om Furene kan vere staden for deg.

Samtale: Vi kan gi deg uforpliktande informasjon, gjerne på din arbeidsplass, NAV kontor, fastlegen, på skulen, eller i kommuna. Ring, eller send e-post og avtal tid.

Omvising: Vi har mange kjekke og varierte arbeidsoppgåver på Furene fordelt på fleire avdelingar.

Våre lokale i Volda er oppdelt i to bygg. I det eine bygget har vi ein resepsjon med kontor, ei flott kantine som tilbyr både catering og lunsj, mekanisk avdeling og kurs/konferanserom.I det andre bygget driv vi med ulike monteringsoppgåver og profilering.Til dømest vert det printa ut trykk, laga skilt, samt utkøyring av varer til andre bedrifter.

I tillegg har vi lokaler fleire stader på søre Sunnmøre. I Ørsta driv vi aktivitetsenteret på Bakk Olamarka. I Ulsteinvik har vi fått nye og flotte kontorlokaler der vi også arrangerer kurs. På Leikong har vi eigne produksjonslokaler, og i Vanylven driv vi eit vaskeri.

Ta kontakt om du lurer på noko, du vil ha informasjon om dei tenestene vi tilbyr, eller om du vil sjå kva vi driv med fordi du tenker på å delta på eit av våre tiltak, tenester eller kurs.

Kontakt oss.

Søknad om plass: Du får informasjon i samtalen/omvisinga på Furene om korleis du skal søke for å delta på tiltak, tenester og kurs i Furene.

 

 

Vidaregåande skule

godkjent_l_rebedrift_logo.jpg

Er du elev, lærar, rådgivar, eller arbeider du i oppfølgingstenesta (OT).

Furene har god erfaring med og kan tilby:

Arbeidspraksis for elevar i vidaregåande skule:

  • Skulen organiserer og har ansvar for eleven.
  • Furene legg til rette for arbeid, og rettleier eleven når det gjeld arbeidslivet og realitetsforståing.

Lærekandidat ordning for elevar på vidaregåande skule:

  • Ta kontakt for informasjon, samtale og omvising.
  • Dersom vi har kapasitet og plass så kan Furene legge til rette for arbeid innafor nokre arbeidsområde (mekanisk, kantine, service, merkantil, reinhald, miljøarbeid, montering/produksjon, transport). Opplæringsplan må lagast i samarbeid med lærar/rådgivar, PPT og opplæringskontor. Eleven kan oppnå ein delkompetanse om planen vert følgd.
  • Furene er godkjend lærebedrift innan industrimekanikarfaget og institusjonskokkfaget.
  • Vårt tilbod gjeld i all hovudsak elevar som treng tilrettelegging og oppfølging av eit visst omfang.

Kontakt oss.

 

ARBEID

ARBEIDSØKJAR

ARBEIDSGJEVAR

HR

KURS

TEAMBUILDING

MINDFULNESS

MOTIVASJON

PROFILERING

SKILT

TEKSTILTRYKK

DEKOR

PRODUKT

SERVICE

INDUSTRI

MEKANISK

OM OSS

KONTAKT

VISJON OG VERDIAR

KLAGE

 

FURENE AS

6105 VOLDA

post@furene.no 

+47 70 07 48 50